15650 kandidatar stiller til val i Den norske kyrkja denne hausten. Kyrkjevalet skjer samstundes med kommunevalet, og 80 prosent av befolkninga over 15 år kan delta.
– Kyrkjevalet er ei stor mobilisering av frivillige. Det er eit imponerande tal som seier ja til å stille opp for kyrkja si. Denne mobiliseringa er gledeleg i ei tid når frivillig arbeid er under sterkt press, seier Sissel Vartdal (bilete) i Kyrkjerådet. Ho er prosjektleiar for Kyrkjevalet.
Som ved førre kyrkjeval er kjønnsfordelinga blant kandidatane 59 prosent kvinner og 41 prosent menn. Gjennomsnittsalderen er 51 år. Dei 32 yngste kandidatane fyller 18 år i 2011. De tre eldste er over 89 år gamle.
Håp om auka oppslutning
Ved Kyrkjevalet skal det veljast nye sokneråd og bispedømmeråd. Valet vert gjennomført samstundes med kommune- og fylkestingsvalet den 11. og 12. september. Dette er første gong Kyrkjevalet skjer samstundes med kommunevalet. Ved 2009-valet, som vart gjennomført samstundes med stortingsvalet, vart veljaroppslutninga tredobla til 13 % (400 674 røyster). Kyrkjerådet har som mål at oppslutninga skal auke òg ved dette valet. Til sokneråda skal det veljast 7500 medlemmer.
Direkteval til bispedømmeråd/Kyrkjemøte
Dei elleve bispedømmeråda utgjer samla Den norske kyrkja sitt Kyrkjemøte. Ved kyrkjevala i 2009 og 2011 vert det gjennomført prøveordning med direkteval på mange av medlemmene i bispedømmeråda. På listene til bispedømmerådsvalet finn ein i år 209 kandidatar som vil ta på seg sentrale leiarverv i kyrkja. Ved direktevalet 11. og 12. september skal 55 av Kyrkjemøtets 115 plasser for perioden 2012-2015 fordelast.
– No er det opp til det enkelte kyrkjemedlem å gje kyrkja gode råd. Medlemmene kan påverke kyrkja si vidare utvikling ved å bruke røysteretten seier Sissel Vartdal.
Valkort til alle med røysterett
Alle som er medlemmer i Den norske kyrkja og over 15 år (eller som fyller 15 år i løpet av året) kan røyste ved kyrkjevalet.
I august vil dei røysteføre (3,1 millionar) motta eit valkort (sjå ovanfor) med informasjon om kvar og når dei kan røyste. På www.kyrkjevalet.no kan du enkelt søke deg fram til kandidatane i ditt distrikt, og til røystesetlar for begge val. Du kan òg få utlevert kandidatlister og røystesetlar ved å ta kontakt med kyrkjekontoret i ditt distrikt.
For meir informasjon eller kommentarar,
ta kontakt med prosjektleiar for Kyrkjevalet, Sissel Vartdal
e-post sissel.vartdal@kyrkja.no
telefon 23 08 12 57 (a) / 48 99 12 57 (m)




